Det utslettede Bolivia


I 1870 var Bolivia og England nær krig. Bolivia sin diktator, president Melgarejo, vart så rasande då ein britisk diplomat ba om å få varm sjokolade i staden for maisølet som presidenten hadde servert at han tvang mannen til å drikke eit enormt kar fullt av varm sjokolade, før han lot sine folk leie han rundt i gatene i La Paz sittande baklengs på eit esel. Då Dronning Victoria fekk høyre om korleis hennar mann hadde vorte behandla ville hun først gå til krig mot landet. Rådgjevarane hennar motsette seg dette, med argument om at Bolivia låg fysisk langt unna England sine strategiske interesser. Dronninga ba så om å få sjå eit kart, og da hun med eigne auge fekk stadfesta det rådgjevarane sa, tok ho og teikna eit stort kryss over Bolivia med dei nedlatande orda: «Bolivia no longer existsBolivia no longer existsBolivia no longer exists».

Le Monde diplomatique er altså i kongeleg selskap, men denne gongen er det urfolk i Bolivia som vert «utsletta» med eit pennestrøk i artikkelen «Det splittede Bolivia». Artikkelen framstiller urfolk i Bolivia som dumme, lette å manipulera, tause, triste, likegyldige og «utslettede».



«Fattige stakkarer»
Artikkelen skildrar den andinske høgsletta (Altiplano) som ein grusom stad. Det vert ikkje trekt fram noko positivt, alt er einsidig negativt. Det er kaldt på høgsletta, men og vakkert. Fattigdomen er stor, men evna til å overleva er sterk. Innbyggjarane er av og til tause, men svært ofte hever dei stemma, anten det er i kamp for sine rettar, i ein heftig handel eller i søskenkrangel om oppvasken. Svært sjeldan er hendene tomme, men ber bøker, reiskapar, mat eller pengar. Eller ei øl eller eit glas maisøl.

Bolivia si historie er ei historie om opprør og urfolk sin kamp for sine rettar, samstundes med undertrykking og ekskludering. Tupak Katari, Bartolina Sisa og Zarate Willka er berre nokre av dei mange fridomsheltane som kjempa for urfolk sine rettar i Bolivia. Det er breie lag av urfolksorganisasjonar som førte Evo Morales til presidentstolen, og det er dei som let han sitja. Det fortel ei anna historie enn den Le Monde diplomatique prøver å teikna av «triste, tause, utslettede» urfolk i Bolivia. 63 prosent av innbyggjarane i Bolivia definerer seg som tilhøyrande ei av dei 36 urfolksgruppene i landet. Le Monde diplomatique definerer dei som «fattige stakkarar».



«Omvendt rasisme?»
Le Monde reiser spørsmålet om dei sosiale tiltaka retta mot fattige i Bolivia er omvendt rasisme. Svaret er «Kanskje. Til en viss grad». At det finst rasistiske haldningar på dei fleste sider i Bolivia, er det lite tvil om. Det underlege er at Le Monde diplomatique «til ei viss grad» fører høgreeliten i Bolivia sin retorikk, der sosiale tiltak retta mot dei fattige i samfunnet er «omvendt rasisme».

Heile artikkelen nyttar omgrep og skildringar som høyrer til den tradisjonelle rasismen, og som kler anekdoter om dronning Victoria betre enn Le Monde diplomatique anno 2008. Under koloniseringa av Latin-Amerika vart urfolk sett på som dyr, og då paven i 1537 prøvde å slå fast at indianarane hadde sjel vart han møtt med motstand. Heilt fram til revolusjonen i 1952 vart bolivianske urfolk nekta tilgang til dei viktigaste offentlege plassane. I artikkelen til Le Monde diplomatique vert urfolk i Bolivia skildra som svært ulike oss andre. Dei er «likegyldig til den manglende komforten og kulden» og vert «jaktet på og fanget». Språkbruken til Le Monde diplomatique hører ikkje heime i dette årtusenet. Ville me brukt dei same orda om menneske i Europa? Vil Le Monde diplomatique bruka setninga «egenrådig og sta» om ekskluderte grupper i Norge som kjemper for sine rettar?

Le Monde diplomatique teiknar eit skeivt og provoserande bilete av urfolk i Bolivia med underleg språk, spekka med ufullstendige setningar og manglande samanheng. Samstundes undervurderer dei oss som lesarar, og går i spissen for eit skeivt og rasistisk bilete av verda.



Se Maurice Lemoines artikkel