2E00D7B Old aged factory - corroded plant as metaphor of abandoned and discontinued industry in bad and poor condition. Deindustrialization.

Følgeskadar

Ruinane etter den kommunistiske og den marknadsliberale utopien har blitt ein labyrint ingen finn vegen ut av, verken frå slagmarkene i Ukraina, frå rustbeltet i USA eller gjennom The Red Wall i Nord-England.

I den siste romanen min går handlinga føre seg i våre dagar og i ruinane av to radikale samfunnseksperiment frå det forrige hundreåret, som også er dei sosiale ruinane vi sjølve lever i. Habeas Corpus, som er tittelen på boka, er ei oppdikta fortelling av ei viss lengd, altså ein roman. Den handlar om samfunn, historie og politikk, meir presist om korleis jus og rettsvesen trenger inn på einemerka til folkestyret. Men om ein forfattar vil ha gjennomslag i det verkelege livet, kvifor skriv ein då romanar og ikkje sakprosa?

Kanskje fordi feil og utflukter, vitsar og påfunn, skrøner og overdrivingar kan føra oss gjennom og forbi fakta, fram til å forstå kva dei faktiske opplysningane tyder eller inneber. Ved å dikta vidare på faktiske hendingar kan romanen sjå historia frå nye sider, snu ting og hendingar bak fram eller opp ned. Eller under opp, som snikkaren seier.
(…)

Bli abonnent og få tilgang til alle våre artikler, eller / logg inn med Vipps.

Tre måneder med Le Monde
diplomatique for 99 kroner!

Papiravis og full digital tilgang


Fornyes til 199,- per kvartal