Le Monde diplomatique i Kulturrådet

Truls Lie har viktige poeng i kritikken sin av Norsk kulturråd 6.4. Faktainnhaldet ligg derimot langt under nivået i Le Monde Diplomatique.

Rådet i Norsk kulturråd har etablert ei tilskotsordning for veke- og månadsaviser. Frå denne ordninga får Le Monde Diplomatique 278 000 kr i 2009, mot 329 000 kr i 2008.

Norsk kulturråd fastsette i ope møte i desember retningslinjene for den støtteordninga for periodiske publikasjonar som Stortinget har overført til oss. Vedtaket byggjer på Stortingets forskrift om at Norsk kulturråd skal fordele midlar ut frå fagleg og kunstnarleg skjønn.

I dette tilfellet inneber det pressefagleg og kulturfagleg skjønn. Rådet utnemnde eit eige vurderingsutval som ut frå eit slikt skjønn skulle gi tilråding i saka. Det utvalet blei utnemnt etter at retningslinjene var fastsette. Truls Lie bommar dermed på alle punkt i kritikken av dette utvalet.

Norsk kulturråd skal styrkje norske opphavsrettshavarar. Vi støttar omsett skjønnlitteratur, men bruker mykje meir på originalskriven norsk skjønnlitteratur eller sakprosa. Difor vedtok rådet at minst 60 prosent av stoffet må vere originalskrive norsk for at ei avis skal få støtte. Den prosentsatsen samsvarar med andre støtteordningar vi forvaltar.

Her visste vi at Le Monde Diplomatique kunne kome i klemme. Vi visste derimot ikkje kor stor del av avisa som faktisk er omsett, eller kor mykje omsett stoff Paris krev i den norske utgåva. Å greie ut slikt på førehand ville vere å tjuvstarte på saksbehandlinga av éin mogleg søkjar. Då hadde vi ikkje behandla alle søkjarar likt.

Først då søknadene kom, blei det klart at Le Monde Diplomatique fell utanfor retningslinjene slik dei er no. Eg meiner at avisa oppfyller alle dei andre pressefaglege og kulturfagleg krava frå Norsk kulturråd, og eg er samd med Truls Lie om det verdfulle i å gjere dette stoffet med sine synsvinklar tilgjengeleg for norske lesarar. Kva som kan og bør gjerast med dette, er spørsmål som høyrer heime i arbeidet fram mot ny utlysing av midlar for 2010 seint på hausten i år.